Rjoandalen R:13 / R:13 Rjoandalen

Beskrivelse fra lokalitet: Funn av kvartsittavslag og bergkrystall, i alt 33 stk. Lokaliteten ligg i øvre delen av Rjoandalen, der Såtedalen munnar ut i Rjoandalen. Det er eit vidt dallandskap der fjella reiser seg på begge sider, men fell ein mest i augene med dei bratte og utrasa urene mot Rjoaneggi i søraust. Terrenget frå foten av fjella og ned mot Rjoåni er på begge sider forholdsvis slakt og vekslande myrlendt kupért. Vel hundre meter nedanfor Såtefossen tek elva til å dela seg i fleire armar på veg ned mot Rjoåni, slik at det vert danna fleire større og mindre elveholmar. I sørvestre kant midt på den største elveholmen og ca. 10 meter nordaust for elva, ligg lokaliteten. Terrenget på og ved staden er skarvskoltar, myr og lyngtuer. Det ligg ein del større steinblokker på begge sider av elva her. På sjølve lokaliteten ligg det ei rundleg blokk, om lag 90 cm. lang, 80 cm breid og 70 cm. høg. Godt oversyn frå lokaliteten til alle kantar. Det er 120 meter ned til Rjoåni i austsøraust, 260 meter sørvest til sørvestlegaste armen av Såteelvi, 425 meter vest til vegen, 635 meter nordvest til ei hytte og om lag 670 meter nordvest til Såtefossen. Ved enden av vegstubben som går ned mot Såteelvi står eit reidskapshus. Det står går ein vaier tvers over Rjoandalen like vest for dette skuret. Denne ser ut til å ha vore nytta til å sende målskiver på. Det er mange merker etter granat/rakettnedslag i eit større område rundt lokaliteten.

Beskrivelse fra Enkeltminne: Lokalitet frå steinbrukande tid. Delar av lokaliteten er eksponert og det er i overflata her funna er gjort. Det eksponerte området er om lag 8-10 meter sørvest - nordaust med ein 4-5 meter lang avstikkar mot nord, slik at det blir ei slags krokform på det eksponerte området. Det som ligg i dagen består av mindre stein, grus og sand. Funnmaterialet låg spreidd i overflata over heile dette området. Eit negativt prøvestikk, 30 x 30 cm, viste at djupna her ikkje var meir enn 5-7 cm og at overflatelaget berre var 1-2 cm, etter dette silt og leire til fast fjell. Noko vidare avgrensing av lokaliteten vart ikkje gjort, då det ca. tre meter vest for prøvestikket stakk ut styrefinnane av ein mindre rakett som såg ut til å ha gått inn i bakken utan å detonere. Det same var tilfellet 8 meter nordvest for prøvestikket, så avgrensing virka ikkje så freistande i dette høvet. Det vat plukka opp 31 avslag i kvarts/kvartsitt og 2 av bergkrystall. I tillegg 1 liten retusjert skrapar av bergkrystall med slitasje på det retusjerte området. Vegetasjonen nærast rundt lokaliteten er røsslyng, reinlav, krekling, blåbær og myrgras. Det er uvisst kvar råmaterialane kjem frå, men det er kjent eit kvartsbrot ved Fessanut på Ulviksida, ca. 1200 m.o.h. og om lag 10 kilometer i luftline sør for lokaliteten i Rjoandalen.

Utgraving: Gravd ut i 2021 i forbindelse med områdereguleringsplan for Mjølfjell-Brandset SØF. Utgraving foretatt av Universitetsmuseet i Bergen. Det ble samlet inn 46 funn i form av en skraper, retusjerte avslag og øvrig avslagsmateriale, i hovedsak var alle funnene laget av kvarts. Funnmaterialet fra lokaliteten lar seg ikke sikkert tidsbestemme. Mangelen på flekkemateriale og kjerner, et avslag med mulig flatretusjering, samt inntrykket om at mange av avslagene var tynne flak som passer inn med flatehoggingsteknikk heller enn med en eldre kjerneteknologi er alle faktorer som kan tolke materialet til sen steinbrukende tid.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/180390
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=141177&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2014
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.855W, 60.749S, 6.856E, 60.749N); Voss