Ytre Øydgarden

Ein 8 mål stor grasvoll som har vore dyrka, og med dyrkingsrøyser i vestre enden, men som nå er tilgrodd av skog. Grunnmur på 5 x 15 m etter setehus som må ha vore inndelt i tre rom: I nord stove på 5 x 5 m med djup kjellar, i midten midtgang på 5 x 5 m med krypekjellar under, og i sør eldhus med jordgolv på 5 x 5 m med firkanta are (eldstad) nokså nær sørenden av huset, og ved denne sørenden var det inngang frå vest med dørhelle. Kjellaren tyder på at her må ha vore busetnad i tida etter at folk tok til med å dyrka jordeple (poteter) i 1790-åra. Nordaust for setehuset er der eit hòl på 2 x 2 m som kan ha vore brønn. Sør for setehuset ligg der ein steingjerde-firkant på 7 x 10 m som kan ha vore vollmuren rundt eit bjørnefjøs (eit fjøs for buskapen av stokkar og plankar som skulle vere sikkert mot bjørn, jf. kultursoga). I gardsvegen mot vest ligg det ei 4 x 6 m tuft etter ei løe. Det står ingenting i bygdeboka om denne plassen, men Gunvald Føreland (d. 1991) opplyste at her var husmannsplass under bnr. 2 og 6 "Der heime", at her budde folk på fyrste halvparten av 1800-talet, og at husstanden var eit ektepar med 2-3 born og ei ku. Det kan ha vore nokon i den familien som budde på bnr. 2 og 6, for dei var mange der. På førearbeida for amtskarta frå 1850-åra står denne plassen teikna som "Støl", og på amtskarta frå 1860-åra som "Sr" (seter).

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/288457
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2651661&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.803W, 58.287S, 7.806E, 58.288N); Vennesla