Dyrkingslokaliteten ligg på ei lita flate på eit platå vest for gardsbruket på Valdra, område vert i dag nytta som beite for sau. På platået skrånar terrenget frå nord mot flata i sør, flata har og ein moderat helling sørover. Sør og aust for flata er eit myrlendt område, medan det mot sørvest og vest er ur. Dyrkingslaget vert avgrensa av funntomme sjakter i alle retningar. I sjakt 1 er dyrkingslaget berre synleg i austlege del av sjakta, den vestlege delen av sjakta vert difor ein naturleg avgrensing mot vest (sjå kart). Dyrkingslokaliteten strekk seg ca. 25 x 16 m (ikkje medrekna sikringsona). Dyrkingslaget er 10- 20 cm tjukt.