Lokalitet registrert i samband med Områdeplan for Vevring. Lokaliteten består av eit einfasas dyrkingslag, synleg i fem sjakter.
Den nordlege profilveggen i SJ7 vart dokumentert, og det vart henta ut trekolprøve (294307VP1) derfrå. Profilen der var 47 cm høg. 0-7 cm torv (L1), 8-23 cm brun, noko torvhaldig matjord (L2), 24-35 cm svart siltlag med ein del til mykje trekol i seg (L3). Trekolet har samla seg meir opp nokre stader, til dømes der det ligg større steinar. 35-47 cm sandlag med mykje nevestore, vassrulla steinar (L4). Gul, leirehaldig silt er undergrunn. Steinane stikk opp i dyrkingslaget fleire stader. Det er fleire dreneringsgrøfter som har vorte gravne gjennom dyrkingslaget i nyare tid.
Frå den dokumenterte profilen i SJ7 vart det tatt ut ei dateringsprøve (294307VP1). Denne prøva vart sendt inn til C14-datering, og resulterte i ei datering frå romartid (Beta-649528: 1830 +/-30 BP, 126-253 cal. AD).
Rapport frå den arkeologiske registreringa er vedlagt i Askeladden-ID. 294308.