Lokaliteten ligg på gnr. 11, bnr. 3 ligg, heilt vest i planområdet. Aktivitetsområdet ligg på ei flate på vest- og nordsida av ei rund, lita høgderygg. Lokaliteten ligg på 21-22 moh. og er definert av fem funnførande prøvestikk (AW101, AW102, RS18, RS100 og RS102). Den er avgrensa av negative prøvestikk i nord og i sør, og av skrint terreng i vest og i aust. Området er relativt vått, då mykje av vatnet frå skråningane i vest dreneras gjennom flata og draget som lokaliteten ligg på. Det var spesielt vått i den nordlege delen av lokaliteten. Her veks lyng, einer, furu og bjørk. Det var tre funnførande prøvestikk på lokaliteten (AW101, AW102, RS18, RS100 og RS102) med totalt 30 littiske gjenstandar. Desse består av flekker og flekkefragment, samt avslag og mikroavslag; alle i flint. RS18, som ligg sentralt på lokaliteten, hadde mest funn – her låg det 17 gjenstandar.