Folketeljinga av 1875, husmannsplass under laupenummer 204 a på Haugland, nemner husmann og tømmermann Torjus Larsson f. 1842, gift med Anna Pærsdotter f. 1842, deira tvillingdøtre Kristi og Tørbør f. 1868 og to tenarar. Familien hadde 1 ku og 5 sauer og sette 1 1/2 tønne poteter. Familien kan ha budd her frå ca. 1870 til ca. 1880. Då tok mannen arbeid på eit veganlegg og tok familien sin med seg. Men "Bjelland gards- og ættesoge" s. 490-491 er sparsam med opplysningar om Holtan. Ein av dei siste som budde her, var "Kjetel i Lian". Grunneigaren overnatta her i periodevis til rundt 1900. D. Koren: "Omkring Lindesnes, Billeder fra og oplysninger om Lister og Mandals amt" (1914) fortel at her stod stove med loft (i vest), midtgang (i midten) og eit ein-høgda eldhus (i aust). I den siste tida, då setehuset berre var brukt som hytte, ser dei ut til å ha sett inn eit omnsrøyr i ljoren i eldhuset. Ei opplysning frå Norges Geografiske Oppmåling fortel at husa var blitt ein "ruin" i 1927. I vest: Vest-aust-vend tuft etter setehus med høge grunnmurar, kott lengst vest, stove nest lengst vest med kjellar under, midtgang i midten og eldhus utan kjellar i aust. Aren i eldhuset ligg der ennå. Rotne restar av veggesalene viste at lafta var av typen Raulandslaft. Lenger aust ligg tufta etter uthuset. Omkring ligg det attgrodde restar av dyrka mark.