Kaupmannsbui

Ein reknar med at her var marknad der "nordmenn" (folk frå Vestlandet), "sæbyggjer" (folk frå Setesdal) og kan hende "austmenn" (folk frå Telemark) møttest til handel og kappestrid. Sjølve handelsbua skal ha lege på ei lita flate som heiter Lislestøyl som ligg mellom Kaupmannsbustøylen og Tussesteinen, noko opp mot lia. På austkanten av sjølve stølsvollen ligg det små, langvorne haugar som skal vere graver etter drepne hestar, kan hende au folk, etter det segna seier. Kaupmannsbui står omtalt i eit pantebrev som må vere frå tidleg på 1600-talet. Marknadsplassen Kaupmannsbui står omtalt i eit skriv frå 1720 som vart skrive av presten Leganger: "Fragmenter af en ældgammel Beskrivelse over Sætersdalen". Der står det: "En Miil fra Bykle staaer en gammel Boe kaldet Koupmands Bua, der synes Nordmænderne og Sæterbyggerne at have mødt hvert Aar med sine Warer at sælge. Nordmænderne med Salt, Heste, Klæder, Lærret, Fisk og andet saadant. Sæterbyggerne med Bueskab, Huder og Skind". Johannes Skar skriv au om Kaupmannsbui i "Gamalt or Sætesdal" band II, side 174: "I Bykle var det skeid med Kaupmannsbui.. Dei kappreid på Troddeskeii, ein fjordungs veg der ifrå... Det var hestemarknad der likeins... Dei fann der so mykje pening... Det var gamle pening: sume var slegne på sekstande og sume på syttande hundratalet...". Men der har nok ikkje vore marknad så pass seint som på 1800-talet.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/76617
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=813321&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.285W, 59.385S, 7.286E, 59.385N); Bykle