Rundt 60 meter nordaust for ID 284518 påviste vi ein liten lokalitet med to funnførande prøvestikk, med til saman 2 avslag av flint. Ei ravine skil dei to lokalitetane.
Fyrste flinten dukka opp på fyrste forsøk, men vi sleit litt med å finne fleire. Det var fyrst når vi tok eit prøvestikk tett på det fyrste vi fann eit avslag til. Undergrunnen er podsol, med steinete raudgul sand. Lokaliteten vender seg mot sørvest og avgrensast av fallande terreng i sør og sørvest, berg i nord, funntomme prøvestikk og veldig steinete undergrunn i aust, funntomme prøvestikk og noko fallande terreng i vest. Det er veldig tilgrodd med ungskog her, så vi måtte svinge lauvknivane ein del for å kome til.
Den estimerte strandlinja er også her på rundt 45 moh, og vi er attende til tidsrommet ca. 5600-4500 fvt. - seinmesolitikum og Nøstvetøksfasen.