Fruå

Varde høgt i fjellsida. Årli: "Det er ei segn om eit prestefølgje som fraus i hel på veg til messe i Hægebostad vinterstid. ... Det måtte vere mykje snø å stampa i, for då dei kom til Svoan kasta dei av ein laks for å letta lasset. Her står ennå ein høg stein til minne. Den er kalla Laksen. Lenger inne på heia er Karmen. Her måtte dei spenna frå karmsleden. Lenger borte ligg Hestvatnet. Der staup hesten. Her er reist ein varde, men den er til minne of Fia Stakkeland som fraus i hel. Så måtte dei stampa seg opp dei lange Prestbrodan til Støvlevatnet. Vidare måtte dei framom Grokjødna. Der miste både deknen og hunden livet. Dei gamle kunne fortelja at det stod vardar som heitte Karmen, Hunden og Deknen. Alle desse vardane er nedrevne. ... Minnesteinen over presten står ved denne gamle stien. ... Prestfrua heldt ut lengst, men ho tok feil av vegen i snøtykka. Ho tok opp for ein bratt bakke. Her er og reist ein varde som er kalla Frua."

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/103476
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=93399&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.160W, 58.338S, 7.160E, 58.338N); Hægebostad