Under sjakting vart det funnen restar etter dyrkingslag frå førromersk jarnalder, 369-165 cal. BC. Sjakta er lagt mellom forstyrra masser i aust etter utbetring av Kyrkjevegen, utjamna masser frå ridebana i sør og ei dreneringsgrøft i vest. Sjakta bestod av 10-20cm mellombrun matjord. Under matjorda kom det innimellom til syne eit gråleg siltlag med smågrus som innehaldt kol. Dette vart tolka som restar etter dyrkingslag. Restane var berre stadvis synleg i profil, og utstrekninga av flekkane varierte frå 2-50cm i diameter, med ei tjukkelse frå 1-5cm. Kolprøva vart tatt frå ei kollinse på 1cm i botn av laget. Ei slik samanhengane kollinse var ikkje synleg andre stader. Undergrunnen i øvre og midtre del av sjakta er tørr sand og silt. I nedre del er det svært fuktig.