Lokaliteten er påvist om lag midt på ei flata som ligg 15 moh. Flata er naturleg avgrensa av terrenget mot aust og sør, der den endar i ei bratt skråning vidare ned mot 10 moh. Mot vest ligg gardshusa på gnr. 19, bnr. 21. Her var det bygd brakker av tyskarane under 2. verdskrig og det er funne ein del metallgjenstandar og anna avfall frå nyare tid på sørleg og vestleg del av flata. Mot nord er lokaliteten avgrensa av negative sjakter og vegen.
Lokaliteten består av fire funnførande sjakter. Til saman er det påvist 12 strukturar, der fem er tolka som kokegroper, ei grøft, og seks som groper med ukjend funksjon og trekolflekkar/fyllskifte. Kokegropene samlar seg på ei mikrohøgd på flata som strekker seg frå nordaust til sørvest. Som nemnd i avsnittet over, er lokaliteten avgrensa av terrenget og andre tilhøve. Den er vidare avgrensa av negative sjakter mot nord, aust og sør. Dei funnførande sjaktene er grave 5-12 meter med funntomt areal mot vest, som gir ei relativ klar avgrensing. Ytterlegare mot vest er det kjend ei varmesløyfe i bakken, som har ei noko ukjend utstrekning.
Radiokarbondatering av to kokegroper resulterte i to mest samtidige dateringar til overgang folkevandringstid - merovingartid (427 – 573 AD og 432 – 586 AD).