Seljestad - A:54

Beskrivelse fra lokalitet: Jernvinna består i dag av ei kantsett, 7 cm tjukk helle som stikk 10 - 12 cm opp frå markoverflata. Lengda på hella er 49 cm. Fleire heller av same dimensjon ligg velta rundt. Desse hellene har velta utover og er dei ikkje blitt for mykje flytt på, så har jernvinna si form vore heilt kvadratisk og om lag 1 x 1 meter i flatemål. Kloss i V kant av jernvinna byrjar terrenget å skrå ned mot V. Slagget er spreidd utover i vifteform frå jernvinna og ca 10 meter nedover skråninga. I nedre del av slagghaugen er breidda over 8 meter (N - S). Høgda på slagghaugen er litt problematisk å fastslå, men PS 1 viste ein tjukkleik på slagglaget på rundt 20 cm. Det kan sjå ut som om jernvinneanlegget saman med kolgropene A:22, A:24 og A:27 utgjer eit kompleks. Desse tre kolgropene ligg i ein avstand til jernvinneovnen frå 20 til 50 meter. Ein kan òg tenkja seg at kolgropene som er konsentrert langs med elva SV til S for jernvinneanlegget, pluss nokre til, høyrer med til same produksjonskomplekset. Flata A for jernvinna ser ut til å vera rydda for stein og at ein i så måte må kunne anta at det under overflata er spor etter aktivitet i samband med jernproduksjonen.

Beskrivelse fra Enkeltminne: A54, rest av blesterovn funne på ei hylle i terrenget noko opp i frå Hesjebakkmyrane, her er fleire kolgroper og steinleggingar under lyngen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/105981
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3062222&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.657W, 59.888S, 6.657E, 59.888N); Ullensvang