Lok. 175, Øvre Kyvik

Lok. 175 på E39 Stord-Os (Hordfast)

Lokalitet med to kokegroper, datert til førromersk jernalder.

Områda var sterkt prega av moderne aktivitet med røyr, grøftar, traktorveg og ein kum. Elles var det tett vegetasjon av busker, bregnar og mindre tre.

Strukturane ligg på 25-30 cm djupna frå torva i lys raudbrune sandholdige masser med nokon nevestore stein.

Struktur 27.24.1 måler ca. 90 cm i diameter og ligg på 25 cm djupna. Strukturen er ca. 13 cm djup og skildrast som sirkulær og kolholdig med mykje brent stein.

Struktur 27.24.2 måler ca. 110 cm i diameter og ligg på ca. 30 cm djupna frå torva. Struk-turen er oval i form og kolholdig med mykje småstein og nokon brente steinar. Strukturen er mogleg forstyrra av moderne inngrep i aust.

Begge strukturer vart snitta og dokumentert.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/298686
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2834146&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.516W, 59.823S, 5.516E, 59.823N); Stord