Dyrkingslaglokalitet, Nes

Dyrkingslagslokalitet påvist med maskinell sjakting, i samband med utbetring av fylkesveg 55.

Lokalitet 1 er ein dyrkingslokalitet som går på tvers av gbnr. 72/3, og 72/4-5, 8. Tiltakshavar har søkt om å nytte dette området som riggområde. Nedste delen av dette riggområdet det er søkt om, er vått og det er ein del infrastruktur i bakken. Lokaliteten ligg på eit nivå høgare oppe, om lag 53-70 moh. Innanfor lokaliteten skrår terrenget ned frå vest mot aust. Lokaliteten strekk seg heilt til tiltaksgrensa mot nord, sør og vest. Lokalitet 1 er totalt 12 187 m2 stor.

Det er noko infrastruktur innanfor lokaliteten. I følgje entreprenør og grunneigar på 72/4-5, 8, ligg det eit betongrøyr i bakken, som går frå løa på garden i nordvest, og ned til pumpehuset på campingplassen i søraust. Det går også ei linje i luftspenn på tvers av lokaliteten. Av omsyn til røyrgatene og linja i luftspenn, er det nokre stader større mellomrom mellom sjaktene, særskild mellom sjakt 1.15 og 1.16, og 1.15 og 1.14 og 1.12.

Det vart opna 16 sjakter innanfor lokaliteten, der 14 av desse er positive. På grunn av røyrgatene i bakken, er dyrkingslaga funne i to separate område innanfor lokaliteten, men det er mogleg at nokre av laga høyrer saman. Det vart påvist dyrkingslag innanfor lokaliteten.

Lokaliteten består av omfattande funn av førhistoriske dyrkingslag, som er daterte til eldre bronsealder, yngre bronsealder og førromersk jernalder.

Rapport frå den arkeologiske registreringa ligg på id. 319348.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/304380
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2923584&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.362W, 61.384S, 7.364E, 61.386N); Luster