Tuft og innmark etter husmannsplass. Setehuset var ikkje eit midtgangshus, men eit hus med inngang i austre halvpart av framsida og med stoveglas i vestre halvpart av framsida. Her budde Sissel Josdotter og Ola Sørensson Røynesdal ca. 1875-1880 og ca. 1889-1906. Ei av dei som blei fødde her, var ei jente som seinare flytte til Utsira kommune som jordmor og blei gift der. Der blei ho den fyrste kvinnelege ordføraren i landet i 1926-1928. Setehuset i Bjenndalen datt ned i 1970-åra, uthuset datt ned tidlegare.