Lokaliteten, ein grensestein som vart funne av flybåren laserskanning. Steinen står like V for lok. 28 oppå den N-S gåande bergnabben, eit stykke mot N. Lokaliteten har utsikt mot N mot Synste og Nørdste Småvika, Synste og Nørdste Klosterholmen og Stadtlandet på andre sida av fjorden. Mot V ligg Kjeholmen med Vågsøy i bakgrunn. På nedsida av bergnabben i SSV ligg ei tuft (135281). Grensesteinen kan ha markert Klosteret si SV grense.
Tilstandsregistrert 13.02.2025. Geometri vert endra etter dette.
Det oppstod noko forvirring rundt denne steinen då tidlegare plassering på kartet ligg innmed stien som går mot klosteret. Her vart det ikkje observert noko merkestein. Derimot vart det observert ein reist bauta lenger utover bergryggen, på ei høgde. Bautaen står plassert nedi ei samling med steinar. Steinsamlinga måler 250x300 cm. Bautaen måler om lag 75 cm opp frå steinsamlinga. Det antas at det er denne steinen som vart registrert i 2009, men at den då ikkje blei via mykje merksemd.
Steinpakningen er så stor at den truleg har hatt ein anna funksjon enn berre å halde bautasteinen på plass. Ei mogleg tolking er at bautaen er eit sjømerke, eventuelt eit grensemerke, plassert i ei gravrøys.