To myntar funne med nokre meters mellomrom på ei dyrka flate aust for vegen opp til Øvrebø. Ser ut til å vere to romerske sølvdenarar. Funnet gjort mellom 10 og 15 cm under torva. I fylgje finnar er det svært grunt på staden, nokre plassar berre 10cm ned på fyllitberg (tussaberg/rotafjell). Området dei er funne på ligg i søre del av det som er kalla storåkeren, på ein svak kolle, på dyrka mark/eng.
Den eine mynten ser ut til å ha inskripsjonen Titus Caes Vesp (Titus Flavius Caesar Vespasianus, romersk keisar 79-81 e. Kr.). Den andre er muligens frå Hadrian si regjeringstid 117-138 e Kr.