Tønjum 5.

Lokaliteten ligg på innmark og på 32 m.o.h. Den ligg rett NA for E16, på eigedom 16/7. Terrenget er relativt flatt. Lokaliteten definerast av tre funnførande sjakter (sjakt 23, 24 og 25) kor det vart gjort funn av tofasa dyrkingslag. Dyrkingslaget er tolka som same lag i alle sjaktene. Dyrkingslaget opptrer i heile sjakt 24 og sørvestleg halvdel av sjakt 25 og nordvestleg halvdel av sjakt 23. I sjakt 25 er det noko sporadisk og i sjakt 23 er det veldig fuktig. Det er tydeleg at dyrkingslaga har vore forstyrra av ytre påverknad som flaum.

Det er mellom 36 og 46 cm med brun siltig matjord i sjaktene. Undergrunnen er ein blanding av lys brun, grå og raudbrun silt og sand med ein del vassrulla stein. Dyrkingslaget vart dokumentert i sørvestleg profil i sjakt 24. Øvste fase av dyrkingslaget ligg under 46 cm med torv og lysbrun matjord. Det er brunt, silthaldig med noko småstein og 20 cm tykt. Nedste fase er mørkebrun/grå, kompakt, silthaldig med noko småstein og 20 cm tykt. Undergrunnen er raud silt. Nedste fasen av dyrkingslaget vart datert til yngre bronsealder-førromerks jarnalder (772-478 cal. BC).

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/287606
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2760767&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.519W, 61.058S, 7.520E, 61.058N); Lærdal