Uten navn

Askeladden ID 310817 vart funnen i sjakt 3. Sjakta var om lag 24 meter lang og rundt 2-2,5 meter brei. Hoddevikvegen låg om lag 1.8 meter frå sjaktekanten i vest og i aust gjekk ein telekabel og fiberkabel parallelt med sjakta. Sjakta varierer i djupne frå 100-120cm. I nord er det tatt eit djupdykk ned på om lag tre meter. Sjakta består av sand i ulike sjatteringar og det ligg ubrent bein i heile sjakta og trekol innimellom. Det er nokre få fragment av brent bein.

I sjakta vart det funnen to strukturar som er tolka som flatmarksgravar (enkeltminne -1 og -2), samt eit dyrkingslag (enkeltminne -3). Lokaliteten ligg i flat slåttemark like ved vegen. Sidan arbeidsarealet er såpass lite, er det vanskeleg å sei så mykje om utstrekking, men det er rimeleg å anta at lokaliteten strekk seg vidare i alle retningar.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/310817
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2991107&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.168W, 62.125S, 5.169E, 62.125N); Stad