Vollom

Naustufta ligg i friluftsområdet på Vallevika, på det flate eidet ved badeplassen. Tufta er langsmal og har hatt ein open gavl mot sjøen, den er ca. 30 meter lang, og ca. 5-6 meter indre mål og ca. 12 meter ytre mål. Denne typen naust har tilhøyrd ein sentral maritim organisasjon knytt til eit regionalt høvdingdøme i jarnalder, eller leidangen i mellomalder. Eidet heter Fete eller Ålfetræ, eldre Alenfit, som ga namn til skipsreida seinast i 1520. Håkon den gode som ofte oppheldt seg på gardane i Nordhordland etablerte skipreideinndelinga, Olendefit (Alenfit) som mellom anna Seim var ein del av (Litleskare: 9ff). Litleskare skriv følgjande om namnet, «Daglegnamnet der folk minnest tuftene av skipsnaustet, er Fetæ (ikkje Aalfetæ, som M.O hev fenge uppgjeve). Ei gamall segn vil vita at namnet heng i hop med gamall nemning paa (den gamle) bøkeskogen.» Litleskare meinte at namnet betyr: flat grasvoll ved sjø, eit langt eid. På det flate eidet er framleis vollane etter naustet synlege. Vestland fylkeskommune gjennomførte ei utvida synfaring hausten 2024, der det blei grave fleire prøvestikk i området. To av prøvestikka blei lagt som snitt gjennom to av vollane knytt til naustet, og metalldetektoristar gjennomførte søk, hovudsakeleg inni nausttufta. Undersøkinga viste to jordvollar som er anlagt i samanheng med naustet. Undersøkinga viste at det kan vere fleire naust eller fasar av naust, då det minst er tre synlege vollar på flata. Det blei gjort funn med metalldetektor inni nausttufta, av desse er fleire naglar. Funna er levert til samlingsavdelinga, Universitetsmuseet i Bergen, for vidare undersøkingar. Det er tatt ut 14C prøvar frå vollane til datering.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/325616
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3131835&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.214W, 60.639S, 5.215E, 60.639N); Alver