Førhistorisk dyrkingslag på Øvre Rygg, gbnr. 12/4, Gloppen kommune. Registrert i sjakt ved maskinell flateavdekking.
Dyrkingslaget ligg på 65-90 cm djupne, og er trefasa. Øvst er eit 65 cm tjukt matjordlag. Øvste dyrkingslaget er ca 9 cm tjukt, og er eit gråbrunt kompakt og noko fuktig lag med noko trekol i. I midten ligg eit ca 7 cm tjukt mørkebrunt silthaldig lag med mykje trekol i. Nedst ligg eit ca 8 cm tjukt brungrått silthaldig lag med ein del trekol i. Overgongen frå nedste del av dyrkingslaget og undergrunnen er noko ujamn, men linjer av undergrunnen drege ujamt opp i dyrkingslaget. Undergrunnen er eit raudoransje, siltlag med noko småstein i.
To C14-prøvar (øvst og nedst i dyrkingslaget) datert til merovingertid-vikingtid og vikingtid-mellomalder.
I brev av 1.07.2021 vart det gjeve løyve til inngrep i lokaliteten grunna graving av VA-grøft, men vidare utstrekning av lokaliteten er automatisk freda. VA-grøfta kryssar lokaliteten midt på, den går om lag nordvest-søraust og er om lag 1,50 m brei.