Aktivitetsområde på Nes

Aktivitetsområde på Nes, påvist ved maskinell sjakting hausten 2023. Dette er eit komplekst aktivitetsområde med funn av produksjonsanlegg, kokegroper, stolpehol, kultur- og dyrkingslag, grøfter m.m.

Lokaliteten ligg over to store flater, på om lag 14-35 moh. Mellom desse to flatene, går det ein noko så bratt bakke. Området er dyrka mark, og store delar av området er svært vått. I søraustleg hjørne av den dyrka marka, har det vorte utført omfattande dreneringsarbeid dei siste par åra den arkeologiske registreringa vart utført.. Det har også vorte fjerna to bygningar i dette arbeidet. Dei to bygningane var SEFRAK-registrerte, med SEFRAK-id. 1426-0111-055 og 1426-0111-054. Bygningane var del av husmannsplassen «Janegarden», og var frå 1800-talet.

Det går eit betongrøyr på tvers av heile lokaliteten, som også ligg innanfor tiltaksområdet. Røyret er synleg i dagen i nordvest, går på tvers av begge flatene, og kjem ut sør for naustet ved fjorden, i følgje entreprenør. I tillegg dukka det opp moderne veiter i sjaktene.

Under den arkeologiske registreringa vart det opna 22 sjakter, der 19 av sjaktene var funnførande. Det vart også grave 5 prøvestikk innanfor lokaliteten (AS1-2, IFB1-3). Det vart gjort funn av eit omfattande aktivitetsområde, med dateringar frå yngre bronsealder og fram til merovingartid. Lokalitet 2 er 12 473 m2 stor.

Det vart sendt inn fleire dateringsprøver etter den arkeologiske registreringa, som resulterte i dateringar frå yngre bronsealder, førromersk jernalder og merovingartid.

Rapport frå den arkeologiske registreringa ligg på id. 319348.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/304381
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3089262&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.365W, 61.384S, 7.369E, 61.385N); Luster