Lokalitet 5 er definert av tre prøvestikk med kolhaldig lag; SSR.22, APK.62 og APK.63. Han har eit areal på omkring 48 m², og er 14 m lang og 3,5 m brei på det meste. Lokaliteten ligg på ei lita flate, 18 moh, mellom to bergknausar. Flata er avgrensa av bergknaus i nord og sør, og av negative prøvestikk og berg i aust og vest. Aust for lokaliteten ligg ei stor myrflate på omkring same høgde som lokaliteten. I vest haller det nedover til ei stor myrflate på omkring 15 moh. Begge myrene er over 1 m djupe. Flata mellom knausane har ligge noko skjerma for vær og vind frå nord og sør. SSR.22 og APK.63 har funn av eit tynt kolhaldig lag, omkring 3 cm tjukt. Det er 17-20 cm myr over laget, og gråbrun/brungrå, relativ fin sand under. I botn er det berg på 40-48 cm djupne. Begge stikka ligg på flata midt mellom bergknausane. APK.63 ligg rett aust for flata, i bakken ned mot myra. Stikket har mogleg rester av det kolhaldige laget, som har blanda seg med myra, og framstår som eit tjukt mørkebrunt, feit lag på omkring 15 cm tjukkleik. Laget skrår nedover mot aust. Det er omkring 25 cm myr over laget og fin lysebrun sand under. Berget ligg på 50 cm djupne.
Kollaget vart ikkje observert i dei negative prøvestikka vest for SSR.22 eller lengre ned i bakken aust for APK.63. Det er nærliggande å tru at laget kjem frå ei hending på den litle flata, 18 moh. Strandforskyvningskurva tilseier at havet ikkje har stått så høgt sidan tidlegmesolitikum (20 moh – 9050 BC, 12 moh – 8550 BC), så området har vore tilgjengeleg heile steinalderen. Havet vil ha kome opp til 13 moh i seinmesolitikum, på tapes maximum (5050 BC). Trekolprøven gav ein datering til mellomneolitikum, periode B. Då vil strandlinja ha ligge på omkring 8 m over dagens havnivå. Mogleg tolking av kollaget kan vere avsviing eller dyrkingslag knytt til tidleg jordbruk, som kan passe med trekolprøvedateringen. Det kan også vere rester av ein eldstad eller eit kulturlag.