Rollandslia lok. 2 er ein eldstad datert til romartid. Eldstaden ligg i kanten av skogen, sørvest i
planområdet, omkransa av tre og berg. Den ligg heilt sør i sjakt 4. Sjakta er omkring 4 m brei
på det breiaste og 25 m lang (79 m²). Sjakta vart utvida med sjakt 7, 8 og 11, men det vart
ikkje funne fleire strukturer i nærleiken. Lokaliteten består berre av eldstaden og er omkring
900 cm². Sør, aust og vest for lokaliteten er det tett skog og berg. Lengre vest er ein bratt
kant ned mot ein bekk. Nordaust for lokaliteten ligg det ein leikeplass.
Strukturen er oval i form og omkring 45 x 20 cm i plan. Den dukka opp rett under torva som er
omkring 20 cm tjukk her, men tynnare nokre stader rundt fordi berget ligg rett under. I plan
består den av svart sand og store kolbitar med ein del små røter. Strukturen vart først tolka
som botn av ein kokegrop, men ettersom det ikkje fantes steinar rundt eller i strukturen vart
den tolka om som botn av ein eldstad. Grunnen rundt strukturen består av oransjebrun sand
og silt. Det er også ein del berg rundt.
Strukturen vart snitta for å undersøke om det vart ein kokegrop eller eldstad, og finne ut
djupne på strukturen. Det vart i tillegg nødvendig å ta ut ein trekolprøve for nærare tidfesting
av strukturen. Strukturen vart snitta i retning aust-vest langs den lengste bredde. Under den
omkring 20 cm tjukke torva som ligg over, er strukturen omkring 8 cm djup på det tjukkaste.
Den er tjukkast på vestleg side og tynnar ut mot aust. I profil inneheld strukturen dei same
massane som i plan (lag 1). Under er den oransje undergrunnen omkring 12-15 cm tjukk (lag
2), med leirete silt i botn på berg (lag 3).