Dyrkingsflate bnr. 22: Flata kor lokaliteten er påvist ligg naturlig avgrensa ned mot myr mot sør, sørvest og søraust og mot vegetasjonskledd kolle i nord. Sør og aust for sjaktene går det fleire røyr og leidningar, mellom anna for vatn og kloakk.
Dyrkingslaget strekk seg over sjakt 11 og 12, men det er ikkje synleg i sjakt 13. Sjakt 11 og 12 vart djupe omtrentleg 110-180 cm. Dyrkingslaget på lokaliteten er lys gråbrun silt- og sandhaldige massar blanda med mykje bitar av trekol, spesielt er dette synleg mot botnen av laget. Laget er ca. 30-40 cm tjukt. Over åkeren er det hovudsakeleg sand og matjord med litt bitar av trekol. Mot botn er det finkorna grå massar. Her er og synlege bitar av trekol og oske, truleg er dette utvaska trekol frå laget over. I botnen er grå og oransje silt (undergrunn). Det vart sendt inn ei kolprøve frå sjakt 12 (241012-VP5) til C14 datering. Denne vart datert til 2260 +/- 30 BP/ 397-209 Cal BC, altså førromersk jernalder. Dette er same tidfesting som dyrkingslaget på Askeladden id 241011.