Røysa fk.nr. 1/1, måler knapt 10 m i tverrmål og er om lag 0,5 m høg i kantane. Heile midtpartiet på røysa er utgravd, stadvis ned til botnen. Berre kantane står att. Einskilde steinar/blokker stikk i dagen, men elles er røysa heilt dekt med tjukk mose. På og ikring røysa veks nokre furutre.Røysa fk.nr. 1/2, ligg om lag 20 m S for røysa fk.nr. 1/1. Røysa er om lag 9 m i tverrmål og kring 0,75 m høg, målt i NO. Røysa er heilt dekt med tjukk mose- og lyngtorv. I sentrum er eit om lag 3 m vidt og 0,3 m djupt søkk. Røysa er relativt klårt markert og syner heller godt i lendet. På og ikring røysa veks nokre furutre.