Bergsvika, samlingsplass og hamn - Romanifolkets kulturminne

Bergsvika ligg litt innanfor Nordeide ferjekai. Det ligg to falleferdige naust i vika. Tidlegare var det fem naust her. Det er ein steinkai inne i vika. Elles er det liten plass på land her no, fordi bilvegen ovanfor og muren opp mot denne sperrar. Tidlegare, før vegen kom, var det eit fint område her.

Bergsvika, kalla "Vika" lokalt, var hamna til bygda Ytre Berge, som ligg eit stykke oppfor. Fram til eit stykke utover 1900-talet var dette eit trafikknutepunkt i området. Det var stor aktivitet her, og det var ein samlingsplass for mange. I ein periode rundt 1900 var det òg ein stoppestad for Fylkesbaatane.

Mange båtreisande kom ofte innom Bergsvika. Om sommaren var det vanleg at dei budde i nausta. Mennene jobba med diverse blekkarbeid medan dei var der. Dei lodda ulike ting, lagde takrenner og fortinna kjelar. Det var òg nokon som byta og reparerte klokker. Kvinnene gjekk rundt og selde småting som sysaker, kniplingar, skjerf og anna, og tigga litt innimellom. Etter at det vart veg der i 1937 byrja reisande òg å komme med hest og kjerre, og byrja då med hestebyting her.

Det kom mykje folk til Bergsvika, både reisande og lokale. Folk i området kom for å sjå på korleis dei reisande levde liva sine, sidan dette var framand og interessant for dei. Bergsvika var òg ein populær badeplass. Det vart mykje liv i vika når det var reisande på besøk.

Nausta i vika er i dag falleferdige og området er gjengrodd.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/299359
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2842982&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.992W, 61.178S, 5.993E, 61.179N); Høyanger