Lokaliteten ligg på innmark, 34-36 m.o.h. Den ligg rett NA-A for Mosvegen på eigedom 16/9 og 16/13. Terrenget er relativt flatt. Lokaliteten består av ei sjakt (sjakt 19) kor det vart gjort funn eit dyrkingslag. Det er tydeleg at dyrkingslaget har vore forstyrra av ytre påverknad som flaum, spesielt i nordleg del av sjakta. Her opptrer det noko sporadisk og det var veldig fuktig.
Det er mellom 20 og 40 cm med brun siltig matjord og undergrunnen er ein blanding av lys gul og beige grov sand og grus. Dyrkingslaget opptrer hovudsakeleg i midtre og sørleg del av sjakt 19 og er tolka som tofasa (lag 2 og 3). Laget vart dokumentert i austleg profil, midt i sjakta. Her er lag 2 12 cm og lag 3 24 cm bredt. Det er mest tydleg og breiast i sørleg del. Det opptrer sporadisk i nordleg del, og massane her veldig fuktige.