Oppmura skyttargrav med utsyn mot Ulvikafjorden i aust. Innvendige mål er 3,65m x 1,5 m. Om lag 90-100 cm høg. Oppmura i alle retningar. I sørvestleg ende er det eiin 60 cm brei opning, til å komme seg ut og inn av skyttargrava. Ut frå opningen er det mura opp ei slak trapp som strekk seg 1,70 m opp til kanten.
Skyttargrava er godt skjult frå fjorden, då det ligg i det bratte terrenget i lauvskogen. Det er svært bratt ned mot sør og søraust. I dag har murane vorte noko attgrodd av grøn mose, det veks tre midt i strukturen, og det ligg mykje kvist og greiner rundt strukturen.
Rett nord og nordvest for strukturen, strekk det seg ein veg som går i sikksakk opp den bratte sida. I følgje paktar på marka ovanfor, vart vegen utbetra, med mellom anna sprenging, på 1970-talet. Vegen er eldre enn dette (usikker datering), og kan ha samanheng med krigsminna. Det kan tenkast at det har gått ein sti eller smal veg her også lenge før krigen.
Krigsminne dokumentert i samband med overflateregistrering.