Romsdalsmartnan (eller Romsdalsmarkedet) vart tidlegare arrangert på Veblungsnes, rett utanfor Åndalsnes. Det er noko uklart kvar på Veblungsnes Romsdalsmartnan vart arrangert. Truleg har store delar av området blitt brukt under marknaden, direkte eller indirekte.
Romsdalsmartnan var tidlegare på Devold, men vart flytta til Veblungsnes i 1820. I nyare tid er marknaden flytta inn til Åndalsnes.
Romsdalsmartnan var ein samlingsstad for romanifolk frå store delar av landet, både dei som reiste med båt og på land. Det var mange reisande som hadde ruter som gjekk gjennom Romsdalen. Mange reiste langt for å vere med på marknaden. Det var ei av dei viktigaste hendingane for dei kvart år. Her visste dei at dei ville treffe mange kjente.
Nokre gonger vart det krangel og slagsmål mellom ulike romanifamiliar under marknaden. Det vart ofte sagt at dei skulle ordne opp på Romsdalsmartnan dersom reisande kom i konflikt med kvarandre, men problemet var ofte gløymt innan den tid.
Dei reisande var med på dans under marknaden. Romanijentene var svært populære der. Veblungsnes hadde to dansesalar: Rememssalen og Blomnessalen. «Fante-Martha» skal ha vore svært populær på Rememssalen. I mange år etter dette har det blitt spelt ein gammal martnavals oppkalla etter henne.