Heller under fast fjell med liggjeplass til 17-20. Helleren er høg under taket, derfor namnet. Han er ca. 40 m brei, 3-4 m djup og ca. 7 m høg. Det blei teke eit prøvestikk i 1964, men ein kom ikkje lenger ned enn 0,5 m pga. stein, og ingenting blei funne. --- Ferdsle: Helleren blei mykje brukt av vegfarande over heia langs Nordmannsvegen (ein av skinnvegane) mellom Setesdal og Sirdal fordi ein var nøydd til å dela heieovergangen i to dagsmarsjar, og plent her var det halvfar, ein god heller og dessutan eit vondt og tidkrevjande vad så at det høvde å overnatta her. Det var frå førreformatorisk tid fram til rundt 1818 at vegfarande brukte helleren til overnatting. --- Driftelege, 1. periode: Her var ei av fleire drifteleger for hjuringar og krøterdrifter frå Setesdal i 1770-åra-1818, og hjuringane overnatta då under helleren. --- Busetnad: Her var husmannsplass for to familiar som budde her samtidig i rundt 1818-1844, kombinert med fjellstove for vegfarande over heia. Familiane budde fyrst i ei fiskarbu som truleg stod under helleren, jf. flatt hellergolv med oppmura ytterkant, ca. 1818-1820. Men ca. 1820 bygde familiane hus 55 m nedanfor helleren, og husa stod i ei lån + nokre mindre buer. Tuftene viser ennå. Der ligg langaktige rydningsrøyser i nedrekant av dei brattaste og mest sørvende bakkane der dei prøvde å dyrka jordeple, men det mislyktest. Dei kunne heller ikkje dyrka korn så høgt til heis. Dei dyrka berre gras og levde elles av husdyr og husdyrprodukt og av å driva fjellstove for vegfarande. Grunnleiga for husmannsplassen blei betalt i form av gjeting for grunneigarane i resten av drifteheia. Det er uklårt om husa blei rivne då husmannsplassen blei nedlagd i 1844, eller om husa blei ståande til nedfalls. --- Driftelege, 2. periode: På nytt ei av driftelegene, men for krøterdrifter frå/til Jæren i 1844-1905. --- Fjellstove: Her blei bygd offentleg fjellstove på ein del av tufta etter låna i 1867 og ny offentleg fjellstove på same del av tufta etter låna i 1950. Fjellstova var base for styregjeting frå 1916 til 1960-åra. Både vegfarande og hjuringar overnatta i fjellstova. Turistforeininga overtok fjellstova i 1987, nå kalla turisthytte. Nå er det berre turistar som overnattar på turisthytta.