Bautastein. Naturdanna. Ligg som dragar over døra til hevdhuset i A kant av løa, orientert N-S. Laga av ein grønleg lagdelt stein med isprengde kvartsårer. I S del er den noko tilhogd langs begge kantane og har ein glatt narurleg skrå avsluttning her. Om den er avsleen i N del i seinare tid var urå å avgjera då enden her låg heilt inntil mur. På midten er det gjennombora tre hol tvert over. L. 3,05 m, br. i endane let seg ikkje målå, men på det 2 m lange stykket over døra var den 0,66 m i S og 0,85 m i N, t. 0,09-1,0 m. Inntil N eldhusvegg ligg 2 naturdanna heller av skifrig stein. Den austre hella er naturleg avslutta i den enden som vendar mot A, men i V syner halvdelen av tre gjennombora hol tvert over. L. 1,5 m, br. i A 0,46 m i V 0,49 m, t. ca 0,11 m. Den vestre hella er avslegen og litt tilhogd i A ende, i V er halvdelen av tre gjennombora tverrstildte hol synleg. L. 1,72 m, br. i A 0,59 m i V 0,65 m, t. 0,08-0,095 m. Det vart fortald at desse to skulle vera delar av den hella som ligg over hevdhusdøra, måla viser at dette ikkje kan vera rett. Ola Fagerheim fortalde at der skal ha vore bortimot 6-7 steinar på Hedlot. Dei sto på bråte mot Sauasjøen, truleg på rekkje. Sjølv hugsa han berre at dei låg nede.