Dyrkingsflate registrert ved prøvestikking grunna arkeologisk registrering i samband med Stad skipstunnel, 2023. Dyrkingslaget dekkjer heile bakken, frå utbygd tomt i vest til steingard i aust. Negative prøvestikk aust for steingarden. I nord er svært bratt terreng opp i utmarka. I sør går Vestkappvegen (Fv.620). I nordvest vart det opna eit funnlaust prøvestikk i svært bratt terreng. Lokaliteten ligg på om lag 47-56 moh.
Sør i lokaliteten er terrenget svakt skråande mot sør, og det vert aukande bratt mot nord. Det vart opna seks funnførande prøvestikk innanfor lokaliteten. I alle dei funnførande prøvestikka var det synleg eit mørkebrunt til svart, trekolrikt lag av silt, som vart tolka for å vere eit dyrkingslag.
Dyrkingslaget opptrer som markant i alle dei funnførande prøvestikka. Mest markant er det i AS3, som det vart sendt inn trekolprøve til datering frå. AS3 vart først opna, men steinar i botn gjorde at det vart utvida mot aust, det vart då 65x40 cm stort, og 63 cm på det djupaste. Det er 0-16 cm torv (L1), 16-35 cm lysebrun, siltig matjord (L2), 35-55 cm svart, fuktig, trekolrikt siltlag tolka for å vere dyrkingslag (L3). I botn er store jordfaste steinar, som ligg svært tett. Dyrkingslaget er synleg i alle profilar i så og seie alle dei funnførande prøvestikka.
Trekolprøva vart tatt ut i nedste del av dyrkingslaget. Prøva vart sendt til C14-datering, og resulterte i ei datering attende til eldre bronsealder (Betanr. 660315: 1783-1666 cal.BC).