Tre kokegroper. Dei er alle sterkt prega av moderne pløgsle og berre botnlaget er att av dei. ID 271885-1 og -2 ligg ganske nære kvarandre, medan ID 271885-3 ligg 37 meter lengre mot søraust.
Undergrunnen er gulgrå silt. Kokegropene ligg i slakt vestleg hellande terreng, men likevel på ei form for terrasse i høve til resten av hellinga. ID 271885-1 og -2 ligg rett vest for huset på 1521 og inne i ei slags bukt mellom to berg. ID 271885-3 ligg sørvest for huset og litt høgare i terrenget. Hellinga mot vest er også hakket meir markant her.