Jf. Kjell Esøy førekjem kleberstykke fleire stader på øya, men berre på to stader er uttak synlig. Uttaka ligg NV for vika der ein halvrundt kleberstein vart funne i fjæra av Kjell Æsøy. Steinen er mest trulig eit øydelagt bolle/gryteemne. Emnet måler 50 cm i dm. Steinen er uthola og avrunda. Brotstad 1 er den største og ligg der Æsøyna er på sitt smalaste. Brotet er gravd inn i berget og framstår som ei vassfylt ¿jettegryte¿ 5-6 m frå topp til botn. Tverrmålet er på 3 m. I eine kanten ser det ut til å ha vorte tatt ut fleire smale rektangulære blokker ca. 0,5 m i lengd. Frå brotstad 1 går ei smal kløft på tvers over neset. I botn av kløfta veks det gras, og i berget på begge sider fins det spor etter uttak av stein. Mest markert er eit gryteemne på 40-50 cm i dm, som ligg 3-4 m opp frå hovudbrotet. Mindre spor etter steinuttak er og synlig på nordsida av neset. 50 m SA for brot 1 ligg brot 2, som er mindre i omfang og mindre markert enn brot 1. Eit kvadratisk gryteemne står att i veggen. I tilknyting brot to ligg og ein liten hellar, der trekol er påvist. Nokre få meter vest for brot 2 førekjem grønstein. Denne vart sprengd ut på 60-talet for å brukas som ilstein til laksenøter.