Lokaliteten har sju enkeltminne og er eit aktivitetsområde frå eldre jarnalder med dyrkingslag, kokegroper, mogleg grav og eit aktivitetsområde tolka som produksjonsanlegg.
Lokaliteten ligg på ei lita flate på ei slåttemark som elles skrår nedover mot sør og vest. Rett nord for lokaliteten stig terrenget og her går ein oppbygd veg i retning aust-vest og avgrensar såleis aktiviteten mot nord. Mot sør avgrensar negative sjakter lokaliteten. Området her ser ut til å ha vore ein eldre myr som har blitt drenert i nyare tid. I aust stig terrenget kraftig og her ligg store mengder stein, som kan sjå ut til å vere resultat av rydding. Lokaliteten er ikkje avgrensa mot vest, då den heldt fram ut forbi tiltaksgrensa.
Innafor lokaliteten er det opna opp fire sjakter; 2.29, 2.32, 2.33 og 2.35.
Lokaliteten verkar i hovudsak å vere uforstyrra, med to unntak. Den eine er den nemnte dreneringa av myra i sør. I sjaktene her kan ein nokre stadar skimte det som kan tolkast som dyrkingslag, men det er berre flekkar bevart mellom dreneringsgrøfter og moderne nedgravingar blanda med tegl og glas. Det andre unntaket ser ut til å vere av naturlege årsaker. I sjakt 2.29 kan det sjå ut som den eine profilveggen er forstyrra av anten jordsig eller flaum. Sjakta ligg i nedkant av ei skråning, og det er mogleg det har vore mykje vatn på eit tidspunkt som har dratt med seg massane. Det renn eit lite bekkefar like aust for lokaliteten. Der bekkefaret går under vegen verkar det å vere nedgrave samband med drenering. Denne bekken kan forklare om området av og til har blitt oversvømt.
Utgraving 2024: Det ble åpnet ett felt hvor det ble påvist et aktivitetsområde med flere kokegroper/ildsteder. En av gropene var registret som mulig flatmarksgrav, datert til FVT/MVT. Det ble samlet inn beinprøver og analyse viste at alle var fra kjøttbærende deler av sau eller geit. Det ble også dokumentert dyrkningslag eller beitelag i to profiler. Avventer pollen og dateringsanalyser. Deler av lokaliteten viser tegn på forstyrrelser i form av flom/ras.