Gropesteinen er ca. 6 x 2 x 1 m stor. Gropa ligg 25 cm frå kanten av blokka, mot vegen. Her er elles mykje striper og furer på steinblokka, men det er usikkert om dette er menneskeverk eller natur. Gropsteinen er øydelagt, då det etter all sannsyn er sett ned ei jernstang i gropa.
Undersøking 02.06.2022. Det blei her påvist ei forseinking i berget kring ei jernstong. Opplysningar frå innberetninga viser at jernstonga allereie var bora ned i berget før første gongs registrering i 1977. Det er difor ikkje grunnlag for å kunne vite noko om kor vidt det frå før kan ha vore ei grop i berget som stonga har blitt bora ned i, og forseinkinga kring jernstonga kan gjerne ha blitt danna under boringa i steinen. Etter fjerning av mose og torv blei det også påvist ei grop i den nordvestre delen av steinen. Denne ligg også 25 cm frå kanten av blokka mot vegen, men denne gropa er danna ved naturlig bergartsutfelling. Ingen av furene eller stripene i steinen er av kulturhistorisk betydning.