Tuft. Bygt inn mot toppen av ein kolle ca. 100 meter N for Bygdastølen. Svært fint mura. Sjølve den attståande muren er 6 x 4 meter, men bygningen som har stått oppå murane har hatt eit ytre mål på 10,5 x 4 meter, orientert NV-SA. Dette ser ein av ein mur i NV, som saman med den no graskledde toppflata på kollen og resten av muren, har danna det komplette fundamentet for ein bygning. Murane går opp mot 1,5 meters høgd og er mellom 0,7 og 0,8 meter tjukke. Halve tufta har kjellarrom med ei fin nisje (1,3 x 1,1 x 0,6 meter) mura inn i NV vegg. Er teken ned i nyare tid då det ligg att ein del laft under bylgjeblikk like ved. Området mellom tufta og Bygdastølen er nydyrka. Ikkje SEFRAK-registrert tidlegare.