Fetts fk.nr. 3/1-2 Bruahaug

Samlinga måler om lag 20 x 4 m, orientert NNV-SSO.Gropesteinen Fetts fk.nr. 3/2 har to sikre skålgroper. Det som vert definert som gropestein er ei stor steinblokk, 2,3 x 2,0 m vid, orientert O-V. I vestre kant og til dels inn over steinblokka, ligg ei helle, 1,75 x 1,30 m stor. Hella må opprinneleg ha vore del av sjølve steinblokka. Det er no ei grop på hella og ei på blokka, avstanden mellom gropene er om lag 1,25 m. Gropa på blokka synest best, ho er om lag 4 cm i tverrmål og knapt 1,5 cm djup. Gropa på hella har om lag same tverrmål men er berre 0,5 cm djup. Blokka og hella er noko tilvaksne med mose.Fetts fk.nr. 3/1 ligg om lag 12 m SSO for Fetts fk.nr. 3/2. Her ligg ei steinblokk, 3,5 x 2,2 m vid, orientert NV-SO, og om lag 0,7 m tjukk. På steinen er om lag 32 groper. Gropene er 2-8 cm i tverrmål og om lag 0,5-3,0 cm djupe. I søraustre kant av blokka er det ei avlang grop; 40 cm lang og opptil 10 cm brei. Djupna er om lag 5 cm. Steinblokka er lite tilvaksen med mose og lav og syner godt i lendet. Austre del av blokka er relativt plan, medan vestre del er noko ujamn.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/35878
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=49081&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.512W, 61.418S, 7.513E, 61.418N); Luster