Beskrivelse fra lokalitet:
I overflata på ei lita hylle i berget ved utløpet av elva som kjem ned frå Håvikvatnet vart det i 2011 observert trekol og slagg med spor etter kopar. Den vesle hylla, eller flata der det ligg trekol og slagg, er omlag 5 meter lang, orientert SV-NA, ca. 3 meter breid i SV og smalnar inn til 1 meter i NA. Nokre slaggstykke inneheldt trekol som vart datert (TRa-3496). Tidfestinga vart AD 1435-1465 kalibrert og treartbestemt som furu.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Flate, eller hylle i berget, der det ligg trekol og slagg med spor av kopar. Største delen av flata i NA ligg eksponert medan den er lyng og torvdekt i SV. Trekol som sat fast på slagg som vart funne i overflata vart datert og det kan difor hefta litt usikkerheit rundt dateringa. 05.12.2016 vart det teke eit prøvestikk i lokaliteten sin SV del der det viste seg å vera forholdsvis djupt med tanke på korleis flata elles ser ut. Prøvestikket var om lag 50 cm djupt, 35 x 35 i flata. Under torvlaget var det eit 10 cm tjukt trekollag som inneheld slagg. Under dette laget og ned til botnen/berget var det stort sett reint trekol. Ein dateringsprøve vart teke like under slagglaget og ein vart teke 40 cm nede i prøvestikket. Denne siste var stort sett eitt stykke trekol. Lokaliteten vart dokumentert ved foto og innmålt med GPS.