Birthe Weber føretok ei prøvegraving i sørenden av avfallshaugen i 1984. Her vart då funne ein eldstad og ein avlstein, dessutan ca. 20 kg slagg. I 1987 vart her også funne ein meisel ved hjelp av metalldetektor. Lokaliteten innheld ein 25 m lang avfallshaug med kleber. Her har det truleg gått føre seg finarbeid. Sidan det ikkje er spor etter uttak i fjellet på staden, må emna ha kome frå dei kringliggjande hellerane. Overhenget har danna ein tørr og romsleg og lys arbeidsplass for tunnpikking av heller. Skråninga ned frå avfallshaugen inneheld mange baksteheller som har gått sunde. Betane er løynde under mosen. Sjølve avfallshaugen innheld også betar av ferdigripa heller. Registrert som KJN-18.