Lok. 198, Håviskelandslia

Lok. 198 på E39 Stord-Os (Hordfast)

Lokalitet med enkeltstående kokegrop.

Staden er prega av tett bjørkeskog, men undergrunnen var likevel uforstyrra av moderne bruk og var tør og godt drenert.

Strukturen ligg ca. 20-25 cm under torva og måler ca. 2 meter i diameter. Det er mogleg at strukturen berre er 1-1,5 meter i diameter og resten er utsiging eller noko som har blitt farga av trekol.

Strukturen er berre dokumentert i flata, dateringsprøve vart tatt i snitt av kanten mot SA. Fyllskiftet i snitt var mørkegrå og lett fettete, det var fleire konsentrasjonar av kol her.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/298695
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2834248&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.495W, 59.976S, 5.495E, 59.976N); Tysnes