Korsebergåsen 2025

Oval kokegrop med mykje trekol og noko skjørbrent stein. 80 x 60 x 10 cm. Det vart teke ut ei kolprøve. Kokegropa ligg no i ganske tett småskog, på ei flate i terrenget med berg i aust og vest, svakt stigande terreng i nord og etterkvart litt brattare ned mot sør. Det går ein sti NA-SV midt over flata, som opnar opp ein del. Undergrunnen på mesteparten av flata er tørr og fin podsol - sand og grus. Akkurat her kokegropa ligg, er grunnen litt meir fuktig og seig - heilt ljos grå i fargen. Store delar ev flata har ikkje blitt undersøkt med maskin, så det er truleg fleire kokegroper i nærleiken. Det er i tillegg observert ein del kolgroper på flata, særleg aust for stien. Sidan desse etter røynda berre får nyare tids datering her i Østfold, tok vi ikkje meir omsyn til dei.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/329760
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3172098&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Østfold fylkeskommune (31)
Publisher Askeladden
Publication Year 2025
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (11.061W, 59.185S, 11.061E, 59.185N); Fredrikstad