Vindholmen, hamn og overvintringsplass - Romanifolkets kulturminne

Vindholmen var tidlegare breitt nes i Tromøysundet, på fastlandssida. Det var nokre få hus der, men det var gode stader å legge til her litt vekke frå folk. I løpet av 60-talet vart Vindholmen gjort om til eit industriområde, og kantane vart bygd ut slik at dei naturlege hamnene forsvann. I dag er det nokre moderne bustadblokker her, og området er under utvikling.

Det var tidlegare vanleg at fleire romanibåtar låg her lenge, òg om vinteren. Det var då svært kaldt å bu i båtane. Dei reisande skal ha hatt eit godt forhold til nokre av dei fastbuande i området. Fram til siste halvdel av 60-talet var nok dette ein fredeleg og praktisk stad å ligge. Det er uvisst om Vindholmen eller området rundt vart brukt av båtreisande òg etter at det kom industri her.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/299238
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2841867&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (8.804W, 58.468S, 8.811E, 58.472N); Arendal