Lokaliteten ligg på dyrka mark heilt nord i planområdet på eigedomen Ekrene gnr. 81, bnr. 35. Den ligg på ei naturlig flate ca. 7-8 m.o.h, og i bakkant av lokaliteten går terrenget bratt opp mot ein større terrasse. Her ligg garden Ekrene. Sørover heller terrenget før det flater ut. Om lag 150 meter frå lokaliteten renn elva Jostedøla.
Lokaliteten er avgrensa av negative sjaktar i sør, sørvest og vest. Mot nord og aust er det topografien og plangrensa som avgrenser lokaliteten. Det har tidlegare vore anlagt ein parkeringsplass som i dag dekker mykje av arealet som inngår i lokaliteten.
Det vart funne 16 strukturer i 7 sjakter (sjakt 1, 2, 9, 31, 32, 34 og 35). Sjakt 1 og 2 vart noko utvida for å få ein god oversikt over strukturane. Det vart påvist kokegrop, eldstad, fleirfasa dyrkingslag, nedgravingar og 2 uspesifiserte strukturar.
Utgraving 2024: Det ble flateavdekket et sammenhengende felt og påvist en kokegrop, dyrkningslag og ardspor. Det ble funnet et bryne i dyrkingslaget. Avventer fortsatt dateringer og pollenanalyser. Registreringens dateringer indikerer sen merovingertid.