One - Lok. 22B, Kvernepollen

Tufta er orientert N-S og ligg mot ein svarygg i O. Ein del flate, helleliknande og meir avrunda steinar ligg nedetter svaberget. Dette er truleg ein nedrast rest etter ein vegg som har lagt på berget. Dei andre veggvollane synest å vera rundt 1 m i breidde og kan sjåast som små forhøyninger i terrenget, men ikkje like tydeleg over det heile. Ein og annan stein stikk opp av torva. Kortveggane har ei meir uklår ytre avgrensing. Tufta si lengde kan vera så mykje som 10 m, kan hende noko kortare. Innvendig ser huset ut til å ha eit areal på nærare 4 x minimum 6,5 m. Huset sin funksjon er uviss. Den utførte undersøkjinga av huset syner at det truleg ikkje har vore eit bustadhus. Tufta kan ikkje vera eldre enn romertid. Bronsealders aktivitetsspor er påvist under huset.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/95460
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2920335&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2005
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (4.853W, 60.561S, 4.853E, 60.561N); Øygarden