Frå Per Fett: "Gravflokk på høgdedraget 100-150 m opp og aust for tunet. Her er knausar med noko jord på og myrpyttar i mellom, ope og fritt med stort utsyn. 1-3 ligg i rekkje S-N. 1. Haug lengst SO,4 m V for ein brunn 8 x 9 m vid, ein god halvmeter høg, bygd av stein og jord, sterkt opprota og med søkk fleire stader. 2. Haug 3 m N for 1. 9-10 m i tvm., 1 m høg, bygd av stein og jord, med rest av fotkjede i O. Eit par små søkk, lite innhogg i kanten i NV, truleg uskadd i midten. 3. Haug 4 m N for 2. 9 m i tvm., 1 m høg. Bygd av stein og jord, fotkjede synleg i O og N. Ei grøft O-V går i gjennom søre kant. Utkasta til botnen i V og sterkt opprota i midten. I søraustre kant på oppgrave område ligg heller under torva, visseleg restar av ei kiste, som mogleg har lege i retning NV-SO. 4. Haug 2 m NV for 3 på den andre sida av ein myrpytt. Bygd av stein og jord, sterkt øydelagd og omkrinsen vanskeleg å fylgje, men tvm. tør ha vore 6-7 m. 5. Haug av stein og jord 1 m V for 4, 5 m i tvm., låg, opprota i midten, der ein kan sjå ei attsegen og overgrodd grav, mannslang SO-NV. Ho var før tydelegare. 6. Haug, ein rest av stein og jord 3 m SV for 5, sterkt opprota, omkrins uviss men truleg 5 m i tvm. 7. Haug, ein rest av stein og jord tett NV for 5, truleg av langhaug 8 x 3 m O-V. Fleire store søkk og på sørsida ein dunge utkasta stein og jord. 8. Langhaug av stein og jord og tett N for 4. 8 x 2 1/2 m brei, ein god halvmeter høg på sine stader, utkasta frå S. Det vart grave i desse haugane i åra 1901-12 og dei fann leirkrukker. Det er mogleg at B 5977 er herifrå. Funnet vart gjort midt i ein avlang, flat haug som var 12 skr. lang. Det kan høve på 7 og 8, kanhende helst 7."