Daleplassen

"Daleplassen er ein nedlagd husmannsplass frå 1830 som var i bruk fram til 1927. Det er mogeleg å lesa meir om den og sjå gamle bilete og kart på følgande stad: http://www.emblemsbygda.com/66931060 Plassen er også omtalt i dei aktuelle folketellingane frå denne perioden. Opphaveleg låg det ei eldre seter omtrent der fotografen på dette biletet har stått. To av sela vart flytta lenger fram i dalen til det som på dagens kart vert kalla Magerholmsetra. Eksakt når flyttinga fant stad er ukjend, men ein har høyrt fortellingar om at den første husmannen budde i ei av dei gamle seterhusa når han bygde opp den nye husmannsplassen. ein kan tenke seg at seterstølen kan ha vorte flytta enten kring 1830 eller litt tidligare også, for et sel vart ståande igjen og aldri flytta fram til ny-setra. Den vart seld etter 1910 til "Myre-Karl" i Emblemsbygda og benytta som hønsehus etter dette. Han var telefonstyrar på Hjellhaugreset på Emblem. Sonen, Konrad Nedregotten, flytta det når hovudvegen vart utvida og det står truleg i bygda enno. Daleplassen vart også kalla Rognestølen ei tid i forlketellingane, fordi det var her gamlesetra altså låg." (Kulturminnesøk).

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/337506
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3289411&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Ålesund kommune (1508)
Publisher Askeladden
Publication Year 2025
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.512W, 62.438S, 6.515E, 62.440N); Ålesund