Rest av dyrkingsflate/kulturlag frå tidleg mellomalder, knytt til det historiske tunet på Bø. Dette
var eit klyngetun, og eit sentralt knutepunkt i bygda fram til 1900-talet. Her er står det også
bevart eit stabbur frå 1649. Kulturminnet har potensial til å seie meir om endringane i
byggeskikk og tunstruktur i tidleg mellomalder.
Lokaliteten ligg på ein brink/kant i terrenget, med godt utsyn over bygda. Arealet består i dag
av hage, med ein eldre veg gjennom tunet. Denne er lagt oppå det gamle laget, og har i liten
grad medført skade på lagene under.
Lokaliteten antas å måle ca 300 kvm, men er påvist berre gjennom ei mindre punktundersøking
under den gamle vegen gjennom bygda. Det er elles ikkje påvist strukturar, men det bevarte
kulturlaget har ein tjuknad som gjer det sannsynleg å finne slike. Tunet synes også å vere
uforstyrra av moderne inngrep. Det synes likevel å vere lite spor etter eldre aktivitet lengre sør
og aust på tunet.