Tuft etter sambygd setehus og uthus. Setehuset stod i vest og var på rundt 6 x 6 m, men utan kjellar, for her blei busett på slutten av 1700-talet, før jordeple-dyrkinga tok til. Der ligg ein are nokså langt vest på jordgolvet. Resten av tufta austover på rundt 6 x 10 m må ha vore uthus. Under folketeljinga av 1801 budde desse her: Kristen Gundersen på 63 år, g.m. Anna Tomasdatter på 55 år og dessutan enkjemann Tøllei Hansen Knudane f. Skarpengeland på 53 år og Gunvor Tølleisdatter på 14 år. Her er ikkje teikn til dyrka mark.